Årsmøte

Hei folkens!

Styret ber om orsak for å vere treige med å publisere referat frå årsmøtet. De kan finne desse under årsmøtepapir på medlemssidene. Vi har også oppdatert forsikringsvilkåra frå IF Bedrift. I tillegg, legg vi her ut bilder av den nye logo’en som vart vedteke på årsmøtet.

Vi satsar no på litt profilering med t-skjorter, klistremerker og kopper (sistnemnte som diverse premiering) i fyrste omgong. Kom gjerne med innspel om de he andre ynskjer også. Hugs, til færre artiklar, dess dyrare vert det. Prisar vert no iallefall innhenta på t-skjorter, og når vi har desse, kjem vi til å spørre medlemmane om dei kan tenkje seg ei eller fleire kvar.

Beste helsing,

Styret

Ein kan laste ned logoane i SVG-format på botnen av sida.

Ekstraordinært årsmøte – 16.juli kl 20.00

Til alle medlemmer

Styret kaller med dette inn til ekstraordinært årsmøte I Syvde Sportsskyttarlag.

Dato/tid: Måndag 16.juli 2018 Kl.20.00
Stad: Lisjeeide Skytebane

Sak – Endring av namn på skyttarlaget
I forbindelse med at klubben vil søkje etter midlar for bygging av pistolbane (styret vil informere i detalj på møtet), ynskjer vi å endre namn på Syvde Sportsskyttarlag til Vanylven Sportsskyttarlag.

Vi meiner at det er viktig at eventuelle sponsorar og dei som mottek søknadane våre, ser at vårt nedslagsfelt for medlemmar gjeld for heile kommuna og vi har stor tru på at det vert lettare å få innvilga midlar med Vanylven Sportsskyttarlag som namn på idrettslaget.

Derfor vert det no kalla inn til ekstraordinært årsmøte for å stemme over saka.

Mvh
Styret i Syvde Sportsskyttarlag

30.juni, 2018