Aktivitetar

Interne skyteaktivitetar vert helde på Lilleeide Skytebane.

I tida september til mars har vi tilgong til å halde aktiviteten vår på skyttarhuset, medan resten av året har vi tilhald på eit område vekk frå skyttarhuset og utan tak over hovudet.

Oppsette aktiviteter kan verte flytta på kort varsel, med tanke på vèret når vi ikkje er på standplass i skyttarhuset. Dette vert informert om igjennom sosiale mediar/sms/epost til medlemmane (vi bruker SPOND).

Måndagar 18.00-20.00 (sommartid)
Laurdagar Ca 13.00-1500 (vintertid )

Skytinga gjeld kun handvåpen. Laget har kun ammunisjon til 22LR for salg til medlemmar.

Vi har også svartkrutt-gruppe i laget og aktivitet der vert lagt etter ordinær skyting.  Ta kontakt med svartkrutt-ansvarleg ved spørsmål.