Erverve våpen

For å erverve handvåpen krev det 6 månadar medlemsskap i skyttarlag tilknytta Norges Skytterforbund. I tillegg stiller vi krav til nybyrjarkurs før det vert tillete å skyte med klubben sine kruttvåpen og på våre aktivitetar.

Politiet krev også  at søkjar er aktiv for å erverve våpen og kan krevje oppmøteliste om naudsynt. Viser til forskrift om våpen under:

§ 4-6.Krav til medlemsskap, aktivitet og opplæring for erverv av pistolar eller revolver til sportsskyting

Politiet kan gje løyve til erverv og innehav av pistolar eller revolverar til sportsskyting til personar som:

1. har gjennomført tryggingsopplæring arrangert skyttarorganisasjonen,
2. i minst seks månader har vore medlem i skyttarorganisasjon som har godkjent skyteprogram for den omsøkte våpentypen, og
3. siste seks månader har gjennomført 10 av skyttarorganisasjonen sine organiserte treningar eller konkurransar.

Laget må legge ved ei uttale når det skal søkjast om handvåpen, etter at aktivitetsnivå er innanfor krava. Vi kan kun bekrefte ført aktivitet i laget sine treningar/aktivitetar. Medlemmar må difor hugse å føre seg opp i oppmøteboka.
           – Ein bør òg føre ei personleg loggbok i tillegg til møteboka til klubben.

Dugnad og møter tèl òg som aktivitet.

Dokumentasjon ved søking:

  • Søknadsskjema frå politiet (kun papirformat) –  (Politiet sine sider)
  • Uttalelse frå skyttarlag (leiar signerer og stempler dette)
  • Bekreftelse på medlemsskap i skyttarlag eller startkort (frå (Rubic)
  • Oppmøteliste (loggbokk frå skytebana)

Søknaden skal leverast til eit politikontor tilhøyrande Sunnmøre Politikammer.