Årsmøte

Hei folkens!

Styret ber om orsak for å vere treige med å publisere referat frå årsmøtet. De kan finne desse under årsmøtepapir på medlemssidene. Vi har også oppdatert forsikringsvilkåra frå IF Bedrift. I tillegg, legg vi her ut bilder av den nye logo’en som vart vedteke på årsmøtet.

Vi satsar no på litt profilering med t-skjorter, klistremerker og kopper (sistnemnte som diverse premiering) i fyrste omgong. Kom gjerne med innspel om de he andre ynskjer også. Hugs, til færre artiklar, dess dyrare vert det. Prisar vert no iallefall innhenta på t-skjorter, og når vi har desse, kjem vi til å spørre medlemmane om dei kan tenkje seg ei eller fleire kvar.

Beste helsing,

Styret

Ein kan laste ned logoane i SVG-format på botnen av sida.