Status på Pistolbana

Hei alle!

På tide å informere litt om status på pistolbana:

Gravearbeidet vart starta før ferien og mykje er gjort til no. Sprengning av stor stein vart gjort på måndag 26.aug og det er no klart for å planering og grusing. Når dette er ferdig må vi ha dugnad på å forskale til standplass inkl.klubbhus og blinkområde. Nødutgangen på skyttarhuset må også byggast på nytt.

Her er PDF av tegningsdokumentasjonen då det er ikkje alle som har fått sett dette endå. Det er fortsatt litt detaljar som må på plass på huset (dører / vinduer), men alt i alt skal størrelse og mål vere ganske grei. Den tenkte tømmerveggen vert erstatta med jordvoll / gjerde der det måtte vere naudsynt. Kom gjerne med innspel om nokon sit med gode idear til anlegget.

Og her er litt bilete av arbeidet so langt.

Containeren er flytta.
Trappa for nødutgangen er demontert og må lages ny når gravearbeidet er ferdig.
Store steinar som måtte sprengast vekk.
Utgravd masse er flytta fram i terrenget etter avtale med grunneigar.